Feedback

Feedback er ein kristen ungdomsklubb med eit rusfritt miljø. Me held til i næringsbygget i Eiodalen i Ølen (i bakken opp frå Shell, mot sandeid). Me har samling kvar fredag kveld frå kl 19.30 til 23.30 der alle ungdommar er velkomne frå 8. klasse og oppover.
Litt generell informasjon om Feedback:
Me har møte kvar fredag kveld med grupper, andakt, kiosk/cafe med mat laga av kjøkkengruppa og sosialt samvær.
Lokala består i ein stor sal med samlingsstad i eine enden med scene og storskjerm. Andre enden består av kiosk og sofakrokar. Her er og ein del spel og kortstokkar og liknande. Det står oggså eit populært billiardbord i cafèen
Lenger inne i bygget ligg kjøkken, bordtennisrom, datarom, danserom/diskotek, backstagerom for scena, kontor, møterom og bakerst ein stor garasje og verkstad som mekkegruppa og snekkergruppa får utfolde seg.
Romma vert brukt til dei forskjellige gruppene.
Kvelden er delt opp i to delar der den første deler består av grupper. Dei forskjellige gruppene har kvar sine rom og varer omlag halvannan time. Etter dette er det samling i salen der det vert holdt ein andakt og gjeve informasjon.
Siste delen av kvelden er ein rein cafe del. Maten frå kjøkkengruppa vert seld i kiosken og datarommet vert stillt til disposisjon som gratis internettcafe.
Det hender at me dreg på bading, bowling i Haugesund og liknande i staden for å ha vanleg kveld på "Huset". Dette vil alle betalande medlemmer få beskjed om via gruppeSMS og eventuelt skriv i god tid på førehand samt at det vil verte opplyst om fredagen før.
